Bruker du blodfortynnande medikament?
Dersom du bruker blodfortynnande medikament, er det viktig at vi vurderer behovet for å justere eller endre bruken av desse i god tid før inngrepet. Har du ikkje fått beskjed om dette ved innkalling til operasjon, ber vi deg ta kontakt med oss.
Kompresjonstøy
Før operasjonen får du beskjed om kva slags kompresjonstøy som er anbefalt, og om du må kjøpe dette på forhånd. Du bør ha to sett kompresjonstøy. Du betaler sjølv for kompresjonstøyet.
Bruk desinfiserande såpe (Hibiscrub) før du kjem
Vi anbefaler at du dusjar og vaskar deg med Hibiscrub kvelden og morgonen før inngrepet. Hibiscrub er ei desinfiserande såpe som du får kjøpt på apoteket.
Følg rettleiinga på flaska.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, eller tygge tyggegummi/drops. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk seks timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil to timar før planlagt operasjon. Unngå tyggegummi og sukkertøy to timar før operasjonen. Inntil ein time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Planlegg heimreise